SÆTERHUS MED GOD STANDARD

Bergseng Sæter er eit tun av 7 restaurerte tømmerhus i tradisjonell stil, dei eldste frå 1793. Bergsengsætra har høyrd til Bergseng gard sidan fyrst på 1600-talet, derfor er det lagt vekt på å ta vare på det gamle særpreget ved husa. Innvendig er det ei god balanse mellom det tradisjonelle og til krav i tida, med inventar og utstyr som gjer det til feriehus med god standard.

• Sjølvhushald
• 12 volts solstrøm til ljos
• Kjølekjellar, innlagt vatn og avløp
• Dyner og puter (ta med eiga sengesett)
• Felles vaskerom, toaletter og dusj med gassoppvarma vatn i det gamle fjøset

 

AKTIVITETAR I FJELLET

Ute: Det er gode uteområder for store og små, med trivelege sitteplassar, og utstyr for koking, grilling og steiking.

Tur: I nærområdet er det lett turterreng, natur og kulturstiar for ung og gammal. Sætra passar óg som base for toppturar omkring.

Dyr: Du kan få vera med å ri på hest og stelle husdyra våre.

Bading: Elva egnar seg for friske dykk, men vi har óg stamp med varmt vatn.

Jakt: Perfekt utgangspunkt for jakt på småvilt og villrein (etter søknad).

Fiske: I elva Grimsa eller tverrelver kan du fiske fjellaure med stong (vi har salg av fiskekort).

Service: Du kan låne syklar av oss, og skal du på tur kan vi hente eller bringe. Ellers kan du spørja oss om tilrettelegging og turopplegg.

 

 

TRADISJONSRIK DAL

Marked: På Pundarvangen i Grimsdalen møttes Østerdøler og Gudbrandsdøler frå gammalt av for å byte varer. I moderne tid gjer vi det fyrste helga i august.

Sætermesse: Tidlegare tradisjon med sætermesse på Kyrkja (ein bergknaus) er ført vidare på Tollevshaugen i midten av juli.

Sæterdrift: Garden har sæterdrift med mjølkeproduksjon på Løken sæter like ved. Det blir laga tradisjonsmat som rømme, ost og smør. Etter kvart vil dette óg innebera salg og noko servering.

 

HISTORISK SUS

Grimsdalen har ein interessant kvartærgeologi med mange landskapsformasjoner frå siste istid.

Dalen har óg mange kulturminne med dyregraver og unike store massefangstanlegg. Gamle funn og gravhaugar frå vikingtida er tegn på gammal busetting. I tillegg er det nedlagte gruveområdet for svovelkis, som vart oppstarta i 1750, verdt å besøke.

Men fyrst og fremst er det ein tradissjonsrik sæterdal med historie om drift attende til 1500-talet kor alle sætrene i Grimsdalen høyrer til gardar i Dovre. Etter ynskje prøvar vi å formidle kunnskap om historia og tradisjonane i Grimsdalen så langt vi kan. Både om vintersætring, veghistorie og anna utmarksbruk.

 

 

TOLLEVSHAUGEN

Dette er den største av 5 sæterstuler i Grimsdalen med 11 sætrer. Den har særprega gamle bygg der mange av dei restaurerte husa står tett på båe sider av troa (vegen mellom husa) og med mange lyu (låver) spredt utover kveene (innmarka). I utmark og innmark beiter det ku, sau og hest.

 

      

 

Hans og Liv Bergseng, 2662 Dovre - Tlf.: 950 52 615 - E-post: beseter@online.no